Pangstart for Os bilsenter
Dei er framleis på jakt etter lokale i Os, men inntil vidare sel Os Bilsenter godt medbilar på Daniel Grapes tun på Halhjem.
Med litt hjelp og støtte frå Ståle Daae Børnes frå Bergen Marinesenter starta
Daniel Grape Os Bilsenter like før jul i fjor. Etter nyttår gjorde firmaet sine første sal.
– Me kikka lenge etter eit eigna lokale i Os. Då me ikkje fann det me var på jakt etter, starta eg å selja bilar frå tunet mitt her eg bur i Halhjemsmarka, fortel Grape. Tilflytta osing Med garasjen som show- og fotorom, og tunet til oppbevaring av bilar, har det fungert svært godt for den unge grûnderen.
– Starten var suveren. Alt første månad selde me 14 bilar. Med februar månad og halve mars er me no oppe i 27 selde bilar. Det er tal me kan vera nøgde med, smiler 26-åringen. Daniel er fødd og oppvaksen på Skjold i Fana. Til Os kom han først for to år sidan.

– Det var jo madammen, det, som fekk meg hertil, seier Daniel, og røper at namnet hennar er Kari Kårstad Vaka.
– Einebustaden her i Halhjemsmarka kjøpte me for litt over eitt år sidan, fortel
Daniel.
– Og herfrå kan du driva bilsenteret i lang tid?
– Tja, eg har jo bra plass på tunet, men eg er no på jakt etter eit større lokale der eg kan ha fleire bilar innandørs og kontor og slikt, seier han.
– Eg har fått mange tilbod om å leiga, men for mitt vedkomande er det mest interessant å kjøpa, konstaterer Daniel. Stor marknad i Os Unge Grape har vore i bilbransjen i mange år. Dei seks-sju siste jobba han på MB Auto på Kalandseid.
– Eg har mange kontaktar i bransjen og føler meg godt kompetent til å formidla brukte bilar. Då eg merka meg at det ikkje var andre i Os som dreiv med dette i stor skala, bestemte eg meg for å gjera alvor av draumen om å starta for meg sjølv. Så langt har eg ikkje angra eitt sekund, smiler Daniel. Han legg til at det meste av formidlinga skjer via «Finn.no», men at kompetanse og tryggleik er viktig for han som formidlar.
– Når folk kjøper gjennom meg, så er det fordi det er tryggare. Eg ordnar papir
og syt for at bilane eg sel er i god stand, seier Daniel. Når det kjem til service og verkstadsarbeid, samarbeider han med Carfix og Os Lakk og Karossori.
– For meg er det viktig å samarbeida og støtta lokale verkstader. Samstundes
er det sjølvsagt ein stor fordel å ha tilgang på verkstader og fagkompetanse

Siste kommentarer